Vil du være med å bidra til framtidas jernbane?
Område Vest har ansvaret for forvalting, drift og vedlikehald av baneområda Bergensbanen og Flåmsbana. Bergensbanen er i positiv utvikling med sterk vekst i gods- og passasjertrafikk. Det vert satsa på jernbane og vi søker ein byggeleiar som skal leie prosjekt innan spor, bygg og anlegg på Bergensbanen.
Arbeidsstad er Ål.
Stillinga rapporterer til prosjektsjef.
Arbeidsoppgaver- dagleg oppfølging og leiing av prosjekt
- koordinere og overvake utføring av entreprisar
- kontraktarbeid og anskaffingar
- gjennomføre byggemøte
- kontroll av anlegg
- tryggleiksarbeid
- andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga
Ein må rekne med noko reiseaktivitet.
- teknisk fagskule eller høgare utdanning, helst ingeniørutdaning. Relevant erfaring kan kompensere for kvalifikasjonskravet
- fordel med fagbrev innan jernbanefaget
- fordel med kjennskap til arbeid med kontraktar
- fordel med jernbanefagleg kompetanse, gjerne erfaring både frå byggherre og entreprenør
- god skriftleg og muntleg fremstillingsevne på norsk og engelsk.
Deg vi søker oppnår resultat, er sjølvstendig og tek initiativ. Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner.
Vi legg vekt på lojalitet til Jernbaneverket sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.
- Du vil bli del av eit arbeidsmiljø som består av eit høgt fagleg kompetansenivå og vil få arbeide i ei bedrift som utfører spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver. Fagleg utvikling er viktig for oss og vi har fleire gode interne kompetanseoppbyggande moglegheiter for våre tilsette. I tillegg kan vi tilby:
- betalt innskot i Statens pensjonskasse
- personalbillett på NSB sine tog
- fleksitid
- Stillinga vert lønt etter stillingskode 1084/1085/1087 avdelingsingeniør/overingeniør, ltr. 52-63, som for tida utgjer kr. 444 700 - 540 200.
Staten som arbeidsgivar skal utnytte kompetansen til den fulle breidda i befolkninga. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring vert oppfordra til å søke jobb i staten.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å verte oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.