Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6652

Signalmontørar, Voss

$
0
0

Ønskjer du å jobbe med drift og vedlikehald av Jernbaneverket sitt anlegg?

På Voss er det ledig to stillingar som signalmontør. Som signalmontør utfører du vedlikehald, retter feil og monterer ulike typar signalanlegg. Du legg og skøyter

kablar i jord, monterer kablar i utstyr, koplingsskap og tekniske rom, monterer, held ved like og retter feil på mekanisk og elektromekanisk utstyr i og ved sporet.

Stillingane er underlagt faggruppeleiar.

Arbeidsoppgaver
  • drift og vedlikehald av banestrekningane med beredskap og feilretting
  • mindre fornyings- og investeringsprosjekt
  • dei til kvar tid delegerte oppgåver gitt av næraste leiar

    Søkar må vere villig til å delta i andre drifts- og vedlikehaldsoppdrag etter behov, samt vere innstilt på turnusarbeid og ein del reising.

Ønskede kvalifikasjoner
  • fagbrev som signalmontør
  • villig til å utdanne seg til hovudsikkerheitsvakt
  • førarkort klasse B
  • tilfredsstillande norskkunnskapar
  • relevante datakunnskapar
  • lokalkunnskap vil bli vektlagt

    Det vert stilt helsekrav til blant anna syn, fargesyn og høyrsel. Helseundersøkinga vert gjennomført i samband med eventuell tilsetting.

    Stillinga inngår i Jernbaneverket sin beredskapsordning. Tilsette i beredskapsordninga må, ved utrykking, kunne møte på stasjoneringsstaden innan 60 minutt.

Personlige egenskaper
  • Vi ser etter ein omgjengelig person som har interesse for og eigenskapar innan fagområdet, og som er villig til å halde seg fagleg oppdatert. Du er strukturert, open og har evne til å utføre sjølvstendig arbeid. Det vert lagt vekt på forståing for, og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og ha fokus på rasjonell produksjon.

    Vi legg vekt på lojalitet i forhold til Jernbaneverket sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.

Vi tilbyr
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fagmiljø
  • gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • p.t. gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse
  • p.t. betalt innskot i Statens pensjonskasse
  • p.t. personalbillett på NSB sine tog

    Stillinga vert lønna etter stillingskode 1376 fagspesialist, frå kr. 419 100 - 449 800. Tilleggskompetanse gir lønnstillegg etter gjeldande avtalar.

    Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Staten som arbeidsgivar skal utnytte den fulle bredda i befolkninga sin kompetanse. Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring vert oppfordra til å søke jobb i Staten.

    Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

    Bane NOR SF vart stifta februar 2016 og er eigd av Samferdselsdepartementet. Føretaket sitt formål er å sørgje for tilgjengeleg, effektiv og sikker jernbaneinfrastruktur og brukarvennlege tenester inkludert knutepunkts- og terminalutvikling. Føretaket vil ha ansvaret for forvalting, planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av det nasjonale jernbanenettet. Vidare vil føretaket ha ansvaret for trafikkstyring, kunde- og trafikkinformasjon og forvalting av eigedom. Jernbaneinfrastrukturføretaket som skal være operativt frå 1. januar 2017, vil få ca. 4000 tilsette og ha hovudkontor i Oslo. I 2016 er det løyvd i overkant av 18 milliardar kroner til drift, vedlikehald og investeringar, av dette 9.5 milliardar kroner til prosjektinvesteringar. Alle jernbaneeigedommar, inkl. ROM Eiendom, vert lagt til føretaket. Ønskjer du nærare informasjon om føretaket denne stillinga blir ein del av, anbefaler vi at du tar ein titt på følgjande side: Jernbanereformen


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6652