Det er ledig 100 % stilling som prosjektutviklar.
Hovudoppgåver:
- Prosjektutvikling: utarbeiding av forprosjekt/ forstudium av kommunen sine investeringsprosjekt
- Prosjektleiing
- Generell sakshandsaming
- Byggherreombod
Me ønskjer oss ein prosjektutviklar som
- Har høgare, relevant byggteknisk utdanning
- Har erfaring innanfor prosjektleiing , byggteknisk prosjektering og kommunal forvaltning
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Tek initiativ og arbeider sjølvstendig
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Ein spanande jobb med faglege utfordringar.
- Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar om stillinga: Rådmann Magnus Mjør tlf. 91644039 eller kommunalsjef Lovise Vestbøstad, tlf 91150097