Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6652

Banemontørlærlingar

$
0
0

Vil du ha ein spennande og framtidsretta jobb med lønn under opplæring?

Bli banemontørlærling i Bane NOR

Bergensbanen har 6 ledige lærlingeplassar som banemontør, 2 på Voss, 2 på Ål og 2 på Hønefoss.

Bane NOR treng fleire motiverte og engasjerte lærlingar. Som lærling i Bane NOR får du tett oppfølging av rettleiarane dine. Du får opplæring lokalt og på Norsk Jernbaneskole. Du vil treffe andre lærlingar frå heile landet gjennom lærlingesamlingar, og du vil jobbe saman med erfarne fagarbeidarar. Bane NOR utdannar fagarbeidarar for heile jernbanesektoren, og tek inn fleire lærlingar enn vi treng sjølv. På denne måten bidreg vi til at fleire får muligheit til å jobbe i jernbanesektoren.

Felles oppstart for alle lærlingane er 21.08.2017.

Kva gjer ein banemontør?

Som banemontør arbeider du med vedlikehald og reparasjon av skinner, sviller og sporvekslar. Du gjennomfører også tilstandskontrollar på eksisterande anlegg, du ryddar skog, ryddar snø på sporanlegg/publikumsareal og jobbar noko med nybygging.

ArbeidsoppgaverØnskede kvalifikasjoner
  • du må ha bestått VG1 samt VG2 Anleggsteknikk. Læretida i bedrift blir 2 år, eller
  • du må ha bestått VG1 samt VG2 Byggteknikk. Læretida i bedrift blir 2,5 år. Tverrfagleg eksamen må takast i løpet av læretida.
  • du må bestå Statens jernbanetilsyn si helseundersøking som gjennomførast ved inntak. Personar med diabetes, manglande fargesyn og nedsett hørsel vil ikkje bestå testen.
  • du må beherske norsk godt skriftleg og muntleg
  • det er ein fordel at du har førarkort klasse B, eventuelt at du tar dette snarast når du fyller 18 år.

    Kompetansebevis for VG1 og VG2 må lastast opp i søknaden. Går du på VG2 i år, legg du ved terminkarakterane for første halvår. Kompetansebevis for VG2 må da ettersendast når du har mottatt dette.

    Under læretida vil det være ein del reising fordi opplæringa kan skje i andre delar av landet.

Personlige egenskaper
  • Som banemontør må du kunne arbeide sjølvstendig og i arbeidslag. Krava til sikkerheit er høge, og du må derfor arbeide nøyaktig og systematisk. Ein god banemontør må ha både teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter.

    Vi legg vekt på lojalitet til Bane NOR sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.

Vi tilbyr
  • avlønning iht. gjeldande tariffavtale
  • viktige og spennande samfunnsoppgåver
  • muligheiter for fagleg og personleg utvikling
  • ordna arbeidsvilkår og godt arbeidsmiljø
  • tilgang til eit allsidig velferdstilbod
  • p.t. personalbillett med NSB sine tog

    Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med ein av våre kontaktpersonar dersom du har spørsmål om stillinga.

    Søknaden din registrerer du elektronisk frå våre nettsider.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6652