Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6652

KL-montør / Energimontør, Hønefoss

$
0
0

Område Vest har ansvaret for forvalting, drift og vedlikehald av baneområda Bergensbanen og Flåmsbana. Bergensbanen er i positiv utvikling med sterk vekst i gods- og passasjertrafikk.

På Hønefoss er det ledig 2 stillingar som KL-montør/energimontør.

Som energi-/kontaktleidningsmontør skal du montere, vedlikehalde, reparere og sette elektriske anlegg i drift. Du reiser master, strekk leidningar, kontrollerer anlegg og arbeider i høgda.

Stillinga rapporterer til faggruppeleiar.

Arbeidsoppgaver
  • kontroll, vedlikehald, revisjon og reparasjonar knytt til Jernbaneverket sitt kontaktleidningsanlegg
  • bygging av kontaktleidningsanlegg på strekninga Roa/Hokksund - Trolldalen
  • prosjektarbeid og koordinering av oppgåver i samarbeid med dei andre fagområda i Jernbaneverket
  • delta i beredskapsvakt etter behov
  • dei til kvar tid delegerte oppgåver gitt av nærmaste leder

    Søkarar må vere villige til å delta i andre drifts - og vedlikehaldsoppdrag etter behov, samt vere innstilt på ein del reising og turnusarbeid. Turnusarbeid inneber ein del helge- og nattarbeid.

Ønskede kvalifikasjoner
  • fagbrev som kontaktledningsmontør, ev. fagbrev som energimontør/E-verksmontør, alternativt faggruppe A eller H
  • erfaring frå installasjons- og vedlikehaldsarbeid knytt til høgspentanlegg
  • godkjenning som hovedsikkerhetsvakt for arbeid i og ved spor, eller være villig til å ta denne opplæringa. Arbeidspsykologisk test vil bli gjennomførd før tilsetting.
  • kjennskap til bruk av dataverktøy
  • førarkort klasse B, ønskeleg med E
  • førarkompetanse for framføring av skinnegåande arbeidsmaskinar er ønskeleg
  • kranførarkurs og liftkurs er ønskeleg
  • beherskar norsk munnleg og skriftleg

    Det vert stilt helsekrav til blant anna syn, fargesyn og høyrsel. Helseundersøkinga vert gjennomført i samband med eventuell tilsetting. Søkar må vere villig til å gjennomføre opplæring som førar. Yrkespsykologisk test for føraropplæring må gjennomførast før tilsetting.

Personlige egenskaper
  • Deg vi søker finn gode løysningar, oppnår resultat, er sjølvstendig og tek initiativ. Du er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vidare må du vere omgjengelig og ha interesse for og eigenskapar innan fagområdet, samt vere villig til å holde deg faglig oppdatert. Det vert lagt vekt på forståing for tverrfagleghet og samarbeid med andre faggrupper.

    Vi legg vekt på lojalitet i forhold til Jernbaneverket sine etiske retningslinjer, og våre verdiar som er open, profesjonell og engasjert.

Vi tilbyr
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fagmiljø
  • gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • eit allsidig og bredt elektromiljø
  • betalt innskot i Statens pensjonskasse
  • personalbillett på NSB sine tog

    Stillinga vert lønna etter stillingskode 1153 elektroteknikar, ltr. 48-50, som for tida utgjer kr. 417 000 - 430 500. Tilleggskompetanse gir lønnstillegg i følgje gjeldande avtalar.

    Staten som arbeidsgivar skal utnytte den fulle bredda i befolkninga sin kompetanse. Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring vert oppfordra til å søke jobb i Staten.

    Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6652